Absorbere. Ventilere


Kunstgarasjen
10.5 - 23.6, 2024







Korleis materialisere eit tomrom? I Cato Lølands utstilling Absorbere. Ventilere er det kanskje eit særskilt fokus på tomrommet, i eit nærvær av fråvær. Positivt rom og negativt rom avsløre kvarandre.

Arbeida er gjenferd av konturar, tomrom og ulike augneblink som ein gong var, men aldri kjem attende. Fråvær er nokon gangar like prekært som nærvær. Når ein mistar noko og berre det negative rommet blir att, vil det likevel minne oss om det som ikkje er der. Det negative rommets vakuum er bitande, gjennom alt det andre, som framleis er. Fram til tomt og fullt blir eitt.

Om ein høyrer etter, kan ein høyre ekko og sjå omrisset av ting. Ting som ikkje er handgripelege. Etter at handa hans forlét arbeida, blir likevel gesten igjen.

Eg opplever at materiale i arbeidet hans ikkje berre er det handgripelege, det som ein kan stille seg ved og ta på. Kanskje til og med er dei først og fremst ikkje handgripelege. Dei består kanskje av minner, aningar og kjensler. Arbeida hans både er, ikkje er, og både er og ikkje er på éin gong. Dei har korkje ein start eller ein slutt, dei har korkje éin start eller éin slutt.

Å vere noko inneber sjeldan å vere éin ting om gangen. Hierarkia vi brukar for samhandel med tinga rundt oss, styrer korleis vi flettar dei inn i vevnaden. Vi blir fortalde kva som passar, kva som er viktig og kva som ikkje er viktig. I livets store vevnad er det vanskeleg å skilje mellom enkeltting. Sidan det er umogleg å vere éin. Alt er ulike utsnitt og avkapp. Små skuggar av større ting.

Då eg er i samtale med Løland, får det meg til å tenkje på korleis vi stadig de- og rekonstruerer minna våre. Sjølv om vi kanskje har ei kjensle av at minner berre blir lagra på ein trygg stad til vi tar dei fram att. Slik ein gjer med foto i fotoalbum. Vi ønsker og håpar at vi kan fange dei og halde dei trygge. Men minna våre skvulpar og renn, vrir og vender seg. Eg trur ikkje det er rart at eg tenkjer på fotografi medan vi pratar saman. Han fortel meg at han tidlegare òg har jobba med foto.

Materiala Løland vanlegvis nyttar seg av er materiale som har falle ut av sine opphavlege samanhengar og funksjonsmiljø. Amorfe utsnitt og avkapp av materiale som ikkje er viktig lenger. Ideen om funksjon er avhengig av korleis du brukar eit objekt eller materiale - kva potensiale og løfter vi kan gi til tinga vi omgir oss med. Om komponentar blir satt ut av samanhengane dei blei skapt til, mistar dei lett sin vitalitet. Dei glir ut av vevnaden, og blir bleike og lause trådar. I openheit og fridom frå konvensjonar, har kanskje ting enklare for å gli mot ei tilhøyrsle.

Lause trådar får nytt liv i dei vevde skulpturane til Løland. I nye materialfellesskap, gjenfødd og transformert. I utstillinga kan du syne ein vegg med krumma skall, med si tomme innside vendt mot tilskodaren, kor ein ikkje riktig veit om dei beskyttar seg eller eksponerer seg - eller om dei gjer begge ting på éin gang. Dei er samanstilte på ein vegg, kor dei multipliserer seg. Kor kvar litle remse av overskottekstil, plastsøppel og andre sediment har fått vekse seg store.

I utstillinga viser han også nye avstøypingar i gips. Avstøypingane er frå dongeribukser. Eit plagg som riktignok blei til med utgangspunkt i at det skulle vere eit arbeidsplagg, då det var meir slitesterkt enn dei fleste andre tekstilar. I dag er jeans i stor grad eit plagg for alle, og er ikkje først og fremst knytt til blåsnippar. På desse skulpturane har ein opningar, som kan minne om pustehol, eller skyvedører.

Løland forsøker ikkje å tvinge fram ei sanning som er større enn andre sanningar. Det som er, eruansett, uavhengig av vår vilje. Uavhengig om vokabularet vårt tillét tunga vår å teikne ei konkret form.

Løland er ikkje redd for å øydelegge. Alt kan reparerast.

Tekst av Torleif Bay


Cato Løland (f. 1982) bur og arbeider i Bergen. Hans kunstnariske praksis beveg seg på tvers av medium, materialar og teknikkar, der arbeidet med skulptur ofte er kjernen. Ved å kombinere tekstilar med readymades og lågstatus-materialar med ulike kvalitetar og formål, lagar han skulpturelle verk som relaterer seg til kropp og den menneskelege skala og gjerne i dialog med rommet verka vert vist i. Dei ibuande kvalitetar, verdiar og funksjonar i dei valde materiala vert utfordra i den improviserte og nærast arkeologiske arbeidsmetoden hans. Løland sine skulpturelle verk adresserer ein måte å tenkje på som stillar spørsmål ved hierarkier, og bringar fram nye og alternative måtar å sjå og vera i verda på. Løland fullførte sin MA ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2009.


Utstillinga er støtta av Bergen Kommune og Norsk Kulturråd.

 





Tuesday Oct 5 2021

Information                               Index